Rosar vegvesenet

Leiaren for Stortingets transportkomité, Helge Orten frå Høgre, meiner det er klokt av Statens Vegvesen å droppe Svartløken som E-39 trase mellom Ålesund og Molde. Vegvesenet som opprinneleg tilrådde Svartløken, meiner no at dette alternativet har svært negative konsekvensar for friluftsliv og naturmiljø og vil at vegen heller bør gå over Ørskogfjellet. Kommunane har også samla seg om Ørskogfjellet. Orten meiner det er viktig å lande på ei løysing som har brei støtte lokalt.

Helge Orten
Foto: Eirik Haukenes / NRK