Hopp til innhold

Rosar vegval i Sogn og Fjordane

Partikollegaene i Sogn og Fjordane samla seg om ei indre line som trasé for E39. I dag rosar fylkesordførar Jon Aasen Sogn og Fjordane Arbeidarparti for dette vegvalet.

Jon Aasen

Fylkesordførar Jon Aasen rosar arbeidarpartiet i Sogn og Fjordane for å gå inn for ei indre line for E39 i Nordfjord.

Foto: Trond Vestre / NRK

I Sogn og Fjordane rasar det ein bitter strid om kvar den nye E39 skal gå. I hovudsak handlar det om E39 skal følgje ei indre line gjennom Stryn, eller om E39 skal krysse Nordfjorden om lag på ferjestrekninga Anda–Lote.

Med vedtaket i helga er Sogn og Fjordane Arbeidarparti og Møre og Romsdal Arbeidarparti samde om kvar vegen skal gå. I fjor var Sogn og Fjordane Arbeidarparti delt i dette synet.

E39 alternativa gjennom Nordfjord

Slik går dei alternative, konkurrerande linene for E39 i Nordfjord.

Foto: Statens vegvesen

Dei ulike synspunkta mellom dei to forskjellige linene har også ei viss tilknyting til ein lokal strid på Søre Sunnmøre, om E39 skal følgje Kvivsvegen, eller følgje vegen gjennom Stigedalen/Bjørkedalen.

No er Kvivsvegen bygd. Denne vegen er bygd fordi han skal vere ein del av E39. Ein del av grunnlagsinvesteringane i E39 ligg i Kvivsvegen. Skulle vi ikkje bruke Kvivsvegen, må vi kjempe for pengar til ein annan trasé. Då rykkjer vi bakover i køen, seier fylkesordførar Jon Aasen.

Men striden i Sogn og Fjordane er ikkje over med dette. Jon Aasen peikar på at Senterpartiet har ei sterk avdeling i Gloppen, og at dei kjempar hardt for at vegen skal krysse Nordfjorden på strekninga Anda-Lote.

Vi kan risikere at regjeringa kjem til å legge fram ein Nasjonal Transportplan utan å definere kva vegen skal gå i Nordfjord, seier Aasen.

– Kva tykkjer du om det?

– Dette likar eg ikkje. Skal vi får ferjefri E39 må Nordfjorden kryssast. Og det blir ikkje noko betre om denne saka blir utsett, seier Aasen.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL