Hopp til innhold

Rosar dei frivillige

Fylkesmann i Møre og Romsdal Lodve Solholm set pris på entusiasmen og humøret til dei som stiller opp som frivillige på festivalane i fylket.

Lodve Solholm

NUMMER EIN: Lodve Solholm er svært nøgd med festivalutvalet i Møre og Romsdal og trur det må vere Noregs festivalfylke nummer ein.

Foto: Åge Andre Breivik / NRK

– Eg er freista til å seie at Møre og Romsdal må vere festivalfylke nummer ein, utanom ein stor visekonsert trur eg vi må ha festivalar og arrangement av alle ulike typar.

Veke 27 er årets store festivalveke i Møre og Romsdal. Måndag opnar Moldejazz, medan The Tall Ships’ Races kjem til Ålesund onsdag. Solholm trur dette gir folk moglegheita til å få med seg høgdepunkta frå begge.

– Eg vil absolutt oppfordre folk til å få med seg litt av begge festivalane. Sjølv skal eg vere på Moldejazz måndag til onsdag, og på Tall Ships torsdag til laurdag. Då trur eg at eg skal få med meg høgdepunkta frå begge festivalane.

Uttrykk for dugnadsand

Møre og Romsdal har mange festivalar, festdagar og historiske spel. Solholm fortel at festivalsommaren er eit høgdepunkta som fylkesmann, og trur alle festivalane er eit uttrykk på dugnadsand.

– Noko som går att når eg snakkar med dei som deltek er at dei får så mykje tilbake at det er lett å vere funksjonær. Ein ser det på dei store festivalane, slik som Moldejazz. Der er det mange hundre personar frå heile landet som kjem og vil vere funksjonærar.

Kreative møringar

Historiske spel og mindre festivalar i fylket baserer seg også mykje på frivillig arbeid. På spørsmål om det også er økonomiske motiv bak dei mange festivalane, svarer Solholm at det nok er andre ting som er viktigare.

– Det er sikkert økonomiske motiv inne i biletet også, men eg trur entusiasme og tilhøyrsle til sin eigen kommune og kreativitet er svært viktig. Det er også noko som kjenneteiknar "Møringen". Vi er kreative, vi vil gjere ting og bruke alle sansane våre for å få noko fram.