Rørt Gjelseth takkar for milliard

Ein rørt og jublande Svein Gjelseth er på nippet til å lage flaggdag av 21. mars. Så glad er han for milliardløyvinga til Stad skipstunnel.

Ein rørt Svein Gjelseth (Ap) er svært glad for milliarden som no blir løyvd for Stad skipstunnel. Stortingspolitikaren har lenge kjempa for prosjektet.

Stortingspolitikar Svein Gjelseth har kjempa for Stad skipstunnel i mange år. Då er det lett å bli litt rørt når det går mot ei endeleg løysing.

– Dette er ein gladdag, gliser Svein Gjelseth (Ap) i møte med NRK.

Stortingspolitikaren har endeleg fått meldinga stadfesta: Stad skipstunnel har blitt løyvd éin milliard kroner av regjeringa.

– Hadde eg vore heime no så hadde eg heisa flagget til topps, og det skulle vore der til det blei mørkt i kveld!

Les også:

Lang og hard kamp

For Gjelseth har vore blant dei som i mange, mange år har kjempa for Stad skipstunnel. Gjelseth er frå Herøy kommune – éi av kystkommunane der vêret kan slå hardt.

– Det er klart eg er litt rørt. Når ein jobba så mykje med ei sak, og no ser resultatet, då er det lett å bli rørt. Det innrømmer eg gjerne.

– Er det litt uventa at nyheita sprakk i dag?

– Det er ikkje heilt uventa, men det blei mykje fram og tilbake og ikkje heilt slik eg trudde. Slik er det ofte i politikken.

– Men milliarden seier du takk til?

– Milliarden seier eg takk til. Den er veldig, veldig bra, avslutta ein rørt og smilande Gjelseth.

Saka held fram under videoen.

Fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen kommenterer Stad skipstunnel og milliarden som regjeringa no løyver. Ho er glad for at skipstunnelen no endeleg skal byggjast.

– Møtte prosjektet første gong i 1992

Fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen fortel til NRK at ho berre har gått og venta på å kommentere gladnyheita.

For milliardløyvinga har vore klar lenge, før den no blir endeleg varsla i den nasjonale transportplanen som blir lagt fram om kort tid.

– Stad skipstunnel er eit prosjekt for framkjømd og sikkerheit. Det å gi folk som ferdast langs kysten tryggleiken er viktig, meiner Berg-Hansen.

– Kvifor har det teke så lang tid for å avgjere dette, tiår etter tiår?

– Ja, det må ein spørje mange skiftande regjeringar om. Første gong eg møtte prosjektet var som politisk rådgjevar i fiskeri- og kystdepartementet i 1992 til 1996.

– Då eg kom tilbake som Fiskeri- og kystminister no må eg innrømme at eg ikkje har tenkt eit sekund på Stad skipstunnel, før eg plutseleg såg saka på mitt bord. Vi har hatt kvalitetssikringar, og då sa eg at vi må avgjere om vi skal byggje skipstunnelen eller så må vi gi melding om at den ikkje skal byggjast.

No er altså den første, og store delen av finansieringa løyvd.

Sjå heile intervjuet med Lisbeth Berg-Hansen i videoen over.

Stad skipstunnel, Kjødepollen - illustrasjon

Slik vil det bli sjåande ut på Kjødepollen når Stad skipstunnel er på plass.

Foto: NORDWEST3D