Hopp til innhold

Rørslene i Mannen har minka

Det siste døgnet har rørslene i det rasfarlege fjellpartiet ved Mannen minka. Rørslene det siste døgnet er på 68 mm i den øvre delen og tre mm i den nedre. NVE vektlegg likevel at det har vore noko atmosfærisk støy på radardata, som fører til at dei avlesne rørslene er noko høgare enn reelt. Det er venta mykje nedbør fram mot helg.

Fjellet Mannen i Romsdalen.
Foto: Ivar Ekseth / NTB scanpix