Hopp til innhold

– Hadde det kome meir regn kunne raset gått i dag

RAUMA/ÅLESUND (NRK): I natt har geologane sett at rørslene i fjellet Mannen er opp i fem gongar så store som før. Det betyr at skredet kan gå om kort tid.

Mannen - rauma

Eit fjellparti på Mannen er ustabilt og kan rase ut når som helst.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

Lars Harald Blikra

Lars Harald Blikra seier at rørslene i fjellet starta å auke i går kveld.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

Dei siste tre vekene har hastigheita på rørslene i fjellet «Mannen» i Rauma vore jamt høge. I øvre del av fjellet er det ei utgliding på 7–8 millimeter i døgnet. Geologane såg i går kveld og i natt at rørslene auka kraftig, då det kom mykje nedbør. Ein akselerasjon betyr at skredet nærmar seg. Så mykje som 120.000 kubikk med stein kan rase ut.

Auka i natt

Sjefgeolog Lars Harald Blikra fortel at situasjonen utvikla seg i natt. I går kveld akselererte rørslene mellom klokka 22 og fram til 2–3 tida. Rørslene var på drygt 1 mm i timen i den perioden og politiet vart varsla.

– Rørslene er oppe i 2- 2,5 centimeter i døgnet på ein del av punkta i midtre og øvre del, seier Blikra. Også i nedre del har rørslene blitt større. Hastigheita er framleis høg no, men har flata ut.

Kan skje om eit døgn

Presskonferanse om utviklinga i fjellpartiet "Mannen"

Ordførar Lars Olav Hustad og geolog Lars Harald Blikra orienterte i dag om situasjonen.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Sjefgeolog Blikra seier at det er fjellet som bestemmer når skredet skjer, men ut ifrå målingane er det ikkje usannsynleg at skredet kan gå innan eit døgn dersom det vert meir nedbør slik at rørslene aukar. I Rauma er det opphald og lite nedbør no på morgontimane.

– Hadde vi hatt ein litt annan nedbørssituasjon, kunne skredet ha gått i løpet av dagen, seier Blikra.

Kjem endå meir regn

Det regna mykje i Rauma søndag, og måndag kveld er det venta endå meir. Det er venta så mykje regn måndag ettermiddag at det er sendt ut OBS-varsel. Den kraftige nedbøren kan bli utslagsgjevande for eit ras.

– Det er ikkje venta mykje nedbør fram til i ettermiddag, men frå i kveld kjem det inn eit nytt nedbørsområde. Då er det sendt ut eit OBS-varsel på at det lokalt kan kome opp mot 60-80 mm nedbør på 24 timar, seier meteorolog Martin Granrød ved Vervarslinga på Vestlandet.

LES OGSÅ:

Området er stengt

Rasfare fra Mannen

Denne grafiske modellen av fjellet Mannen viser kor stor del av fjellet som kjem til å rase ut i første omgang.

Foto: Marco Vaglieri/ Bjørn Sandvik / NRK

Onsdag i førre veke vart dei som bur i området evakuerte då Åknes/Tafjord Beredskap IKS slo full skredalarm. Ein gardbrukar vart verande igjen på garden med dyra sine, men laurdag flytta han også frå heimen. Toglinja gjennom Romsdalen er stengt og Statens vegvesen har ein plan for kva som skal skje før det venta skredet kjem.

– No skal vi samle gruppa og også politiet kjem, seier ordførar Lars Olav Hustad.

Også Fylkesmannen og Jernbaneverket skal i møte. Hustad seier det er uaktuelt at nokon får gå inn i området no. Klokka 12 i dag vert det ny pressebrief.

NRK:SJÅ DIREKTE FRÅ MANNEN
Sjå videoopptak frå Mannen.
Etter at skredalarmen gjekk i Rauma i går har geologar i dag vore oppe og undersøkt fjellet. I ettermiddag har det vore folkemøte. Store nedbørsmengder kan framskunde skredet.
Evakuerte frå området ved fjellet Mannen i Rauma håper skredet kan gå i løpet av kort tid, slik at dei kan kome tilbake til eit normalt liv. Ekspertane trur fjellpartiet kan losne i neste veke.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL