NRK Meny
Normal

– Kan ikkje du fortelle korleis du lagar sprengstoff?

Krigshelten Joachim Rønneberg (95) fekk ambassadørar, forsvarsmenn og Prinsesse Astrid til å skratte høglydt under middag i Ålesund.

Krigshelten Joachim Rønneberg (95) fekk ambassadørar, forsvarsmenn og Prinsesse Astrid til å skratte høglydt under middag i Ålesund.

Joachim Rønneberg fekk gjestane til å riste av latter då han heldt talen sin på Fjellstua i Ålesund laurdag. Foto: Alf-Jørgen Tyssing.

Joachim Rønneberg

Krigsveteranen Joachim Rønneberg var blant anna leiar for den velkjende tungtvassaksjonen ved Rjukan og operasjon Fieldfare.

Foto: Marit Brunstad / Aalesunds Museum

– Det har blitt sagt veldig mykje pent til meg og min familie i dag – men ein bør vel ta det med ei lita klype salt.

Slik begynte krigshelten og kringkastingsmannen Joackim Rønneberg sin tale på Fjellstua i Ålesund laurdag ettermiddag. Han er kjend for sin audmjuke og humørfylte veremåte, og sjølv på 95 års dagen fekk han gjestane til å skratte.

Fred og fridom ingen sjølvfølge

Rønneberg har i mange år reist rundt for å halde foredrag. Han har formidla ei historie som er viktig for yngre generasjonar. Fred og fridom er ikkje ei sjølvfølge, har han ofte sagt.

Prinsesse Astrid fru Ferner og Joachim Rønneberg

Prinsesse Astrid fru Ferner sat ved sida av Rønneberg under middagen på Fjellstua. Ho også lo godt av krigshelten.

Foto: Marit Brunstad / Aalesunds Museum

– Eg huskar eit foredrag hjå ein barneskule veldig godt. Eg hadde fortalt litt om at vi laga sprengstoff under krigen, og plutseleg var det ein knert av ein gut, som knapt rakk over bordplata, som rekte opp handa. Kan ikkje du fortelje korleis du lagar sprengstoff?

– Eg måtte sjølvsagt seie at det kan eg ikkje. Og det syns han var veldig synd, seier han med glimt i auget.

Vil ha meir engasjement for Forsvaret

Joachim Rønneberg er den siste attlevande etter tungvassaksjonen på Vemork ved Rjukan. Han har opplevd meir enn dei fleste av oss. Han meiner at foreldregenerasjonen har eit stort ansvar i å engasjere ungdom i forsvarssaker.

– Eg ønskjer at skuleelevar skal lære meir om Forsvaret og korleis det var før. Mange ringer meg for å få høyre mine synspunkt, og det syns eg er rørande. Men det at folk framleis ringer betyr at det finst interesse for det, seier Rønneberg som håper at fleire unge vil engasjere seg for Forsvaret.

Tidlegare på dagen fekk Pinsesse Astrid Fru Ferner æra av å avduke ein bronseskulptur av motstandsmannen Joachim Rønneberg i samband med 95 års dagen hans.

Røykte sigarettar med Kong Haakon

Lodve Solholm holder tale til Joachim Rønneberg på Fjellstua

Fylkesmann Lodve Solholm skrytte av Rønneberg i talen sin.

Foto: Marit Brunstad / Aalesunds Museum
Fjellstua i Ålesund sett fra Ålesund sentrum

Det var på den velkjende Fjellstua i Ålesund Rønneberg feira bursdagen sin.

Foto: Lena Høyberg / NRK

Fylkesmann Lodve Solholm heldt også tale under middagen på Fjellstua. Han delte ei historie om gamlekongen som Rønneberg hadde fortalt kvelden før. Den handla om Kong Haakon og korleis han tok i mot Kompani Linge etter tungtsvassaksjonen på Vemork.

– Kongen tok med seg Joachim inn eit rom og kasta ut dei andre som var der. Du sett deg ned her, sa Kongen, og eg her. Deretter hiv Kongen ein pakke sigarettar bort i fanget til Joachim, og så seier han: Røyk og fortel.

Solholm held fram talen sin med å snakke om kor audmjuk Rønneberg er.

– Han ønskjer ikkje å stå fram med historia si åleine. Dei var eit team – og det vil Rønneberg ha fram. Det er fantastisk å tenkje på korleis dei utførte tungtvassaksjonen ved Rjukan – ikkje eit einaste skot var løyst, fortel Solholm.

Tungtvassaksjonen er ein av dei mest berømte sabotasjeaksjonane under den andre verdskrig. Den viste blant anna korleis målretta sabotasje skånar sivilbefolkninga, samanlikna med flyangrep.

Fylkesmannen avslutta talen sin med diktet «Stunda» som handlar om å leve i nuet og at ein må ta vare på dei små tinga.

Middag for Joachim Rønneberg på Fjellstua på hans 95-års dag

Fjellstua i Ålesund var full av mange spennande menneske laurdag ettermiddag. Prinsesse Astrid fru Ferner kom til Ålesund for å feire Joachim Rønneberg sin bursdag.

Foto: Marit Brunstad / Aalesunds Museum