Hopp til innhold

Rømt oppdrettslaks

Ein oppdrettslaks på over fem kilo har blitt fiska opp i Brusdalsvatnet i Ålesund. Tidlegare denne veka vart det også funne rømt oppdrettslaks ved Smøla og i Aure.

Ruth Lillian Kjæmpenes i Fiskeridirektoratet seier det er viktig at dei får inn meldingar om oppdrettsfisk på rømmen. Dei vil no finne ut kvar laksen stammar frå. – Ein enkelt rømt fisk utgjer ikkje noko stort problem, men fiskeridirektoratet er oppteken av det store biletet kring lakserømming, seier Kjæmpenes.

Brusdalsvatnet
Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL