NRK Meny

Romsdalsmann dømd til fengsel

Ein menn i 20-åra er i Romsdal tingrett dømd til fengsel i eitt år for innføring, vidaresal og bruk av narkotika. Ifølgje dommen skal mannen ha innført 3 350 gram mariuhana og selt delar av dette vidare til personar i området der han budde. Mannen er også dømd til inndraging av fleire datamaskiner og anna elektronisk utstyr. I tillegg må mannen betale 5 000 kroner i erstatning til det offentlege.

Romsdal Tingrett sal 1
Foto: Roar Jonny Strom