Romsdals Fellesbank har vald inn tre kvinner i styret for banken, etter at dei tidlegare i vår fekk refs av Likestillingsutvalet.
Romsdals Fellesbank har gjennom si 75-årige historie aldri hatt kvinner i styret.
Dei tre som er vald inn no er Elisabeth Røsok frå Molde, Aud Skrudland frå Bremsnes og Randi Herskedal frå Elnesvågen.