Hopp til innhold

Romsdalen stengd igjen

Vegvesenet forsøkte å opne Europavegen gjennom Romsdalen for trafikk tysdag. Kort tid etterpå stengde vegvesenet vegen igjen. Også Raumabanen er stengd.

Brustugulia webkamera

Dette biletet vart fanga opp av Statens vegvesen sitt web-kamera ved 12-tida. Nokre bilar fekk sleppe gjennom.

Foto: Statens vegvesen

I ein periode blei det sendt avgarde kolonnar med bilar, først opp Romsdalen og seinare ned same strekninga. Etter nokre turar valde Statens vegvesen å stengje bomen igjen.

- Skred kan blåse hus overende

Ved 12-tida fekk nokre bilar lov til å køyre strekninga.

Europavegen over Ørskogfjellet mellom Ørskog og Vestnes blir truleg ikkje opna for trafikk i dag etter det store raset som gjekk i Skorgedalen.

Stort skred over Europavegen på Ørskogfjellet

Skred stopper frossenpizza

Europavegen er også stengt mellom Våge og Måndalen i Rauma på grunn av rasfare.

Vegvesen ga opning for å køyre i Romsdalen, men no er europavegen mellom Sogge bru og Bjorli stengt igjen.

Også Raumabana er stengt igjen.

Riksveg 70 er framleis stengt langs Oppdølsstranda i Sunndal.

Stopp i flytrafikken

Ras stengjer veg Ørskogfjellet

Vakt held oppsyn ved vegstenginga på austsida av Ørskogfjellet.

Foto: Bernt Baltzersen / NRK