Romsdal kystlag fekk heiderspris

Motorskøyta MS «Brand» fekk pris for best bevarte veteranfartøy av Forbundet kysten under landsstemnet i helga. Båten blei bygd i 1925 på Dalen Båtbyggeri på Averøya, og fikk i 2010 status som vernverdig skip av Riksantikvaren, ifølge ei pressemelding. Juryen lét seg begeistre av båten sin autentisitet og fleire iaugefallande detaljar, som spelet dreven av reimdrift frå svinghjulet til motoren og dei originale motorhandtaka og kjettingstyringa, står det. Hans Petter Tysnes og John Olav Lillebostad tok imot prisen på for Romsdal kystlag.

MS «Brand»
Foto: Forbundet kysten