Hopp til innhold

Rømde heim frå New Zealand etter dødsskjelvet i 2011

Karl Kristian Brunvær (42) orka ikkje meir av den konstante frykta for jordskjelv i New Zealand og rømde heim til Noreg i 2011. Han er letta for at småbarnsfamilien ikkje opplevde det nye skjelvet som skjedde natt til søndag.

Familien Brunvær

Susi Brunvær, Taylor Brunvær (6) Bali Sofia (5) og Karl Kristian Brunvær er glad for at dei er i Noreg no.

Foto: privat

Småbarnsfamilien på Stranda utanfor Ålesund er søndag ettermiddag nesten 18 000 km unna den tidlegare heimbyen Christchurch på austsida av New Zealand.

No er dei letta over å berre høyre om jordskjelvet og tsunamien på nyheitene.

– Det var heilt klart eit rett val å flytte heim til Noreg, det er litt tryggare her. Du kan ingenting med naturkatastrofar og er heilt hjelpelaus, seier tobarnsfaren Karl Kristian Brunvær.

Ventar på tusenvis av etterskjelv

I 2011 budde familien med si eldste, nyfødde dotter i byen Christchurch, like ved den staden der jordskjelvet på nytt råka natt til søndag. I etterkant av jordskjelvet kom nesten 5 000 etterskjelv, og det blei ei for stor påkjenning på den vesle familien. Dermed flytta dei tilbake til Noreg, der 42-åringen budde med sin norske far og mor frå New Zealand på 90-talet.

– Folk trur at det berre er eitt skjelv, og så er det ferdig, men slik er det ikkje. Det er årevis med etterskjelv og risting og frykt, seier han.

Glad for å vere på Sunnmøre no

Søndag ettermiddag er han, kona og dei to små døtrene i familieselskap. Dei to jentene på 5 og 6 år skjønar neppe omfanget av det som har skjedd i New Zealand natt til søndag. Foreldra har vore i kontakt med familie og vener på andre sida av jordkloten og veit dei har det bra. Likevel er Karl Kristian Brunvær glad for å vere på Sunnmøre.

Alle går og ventar på jordskjelv på New Zealand. Når du bur der så går du med konstant frykt for jordskjelv, slår han fast.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL