NRK Meny
Normal

Rom for både nasjonale og lokale artistar

I denne tida i desember er det julekonsertar i kvart eit lokale i Møre og Romdal. Kyrkjer, kulturhus, forsamlingshus og skulebygg har ein eller annan konsert i desse dagane. Og leiaren for Ulstein storband, Janet Hauknes Gjerde, meiner det er viktig å balansere det lokale tilbodet oppp mot dei nasjonale artistane.

Ulstein Storband øver fram mot julekonsert i helga.

Kvart år reiser artistar som Anita Skorgan, Bjørn Eidsvåg, Hanne Krogh med fleire på turne i desember for å halde julekonsertar. Tor Endresen og Rune Larsen var truleg mellom dei første som starta med denne desemberferda.

Anita Skorgan var i Fosnavåg i går og i Ulsteinvik i kveld. Samtidig som ho reiser rundt i fylket øver Ulstein storband intensivt for å vere klar til sin store julekonsert på same stad, på Sjøborg i Ulsteinvik denne helga.

Amatørane legg ned mange timar i månadene før konserten før å prestere best mogleg.

Rom for begge

Hauknes Gjerde seier det er avgjerande at det er ein god balanse mellom det lokale og det nasjonale utvalet av artistar i desember, noko det ser ut til å vere. Ho seier at folk likar å gå på konsert i desember.

Det har vorte ein tradisjon på linje med mykje anna vi brukar tid på desse vekene før julefreden seinkar seg.

Janet Hauknes Gjerde

Janet Hauknes Gjerde er leiar for Ulstein storband.

Foto: Arne Flatin / NRK

Hauknes Gjerde seier det ikkje er noko problem at Anita Skorgan har konsert same helga som Ulstein Storband skal ha si framføring. Det verkar som om publikum fyller opp lokala uansett, seier ho.

– Julekonsertene er med på å forskyve jula fremover på kalenderen, slik at den er mer eller mindre slutt på julaften, sier professor i religionssosiologi Pål Repstad, som også er en av forfatterne til boken «Julekonserter».

Mens stadig færre oppgir at de tenker seg i kirken i jula, er julekonsertmarkedet voksende, viser tall fra Statistisk sentralbyrå. (NRK, 2010).

Ulstein storband er ei gruppe musikarar som er i ferd med å innarbeide julekonsert som ein tradisjon. Dette er andre året dei har dette konseptet, og dei gir rom for unge, lokale solistar.

Då NRK var innom ei av dei siste øvingane før helga var det Kaja Rode og Marte Hallingstad Barstad som var solistar. To unge jenter på 16 år som får prøve seg saman med dei garva musikarane i storbandet. Dei fleste i storbandet er frå Ulstein, men det kjem og folk frå fleire av nabokommunane.

Marte Hallingstad Barstad (t.v) og Kaja Rode er blant solistane.

Marte Hallingstad Barstad (t.v) og Kaja Rode er blant solistane.

Foto: Arne Flatin / NRK