- Vi fortsetter vår aktivitet som før. Når vi har aktivitet i 24 land over heile verda så er vi vant til å håndtere ulike konfliktsituasjonar, seier Ingjerd.
Hovudstaden i Dei sameinte arabiske emirata blir sett på som eit terrormål, etter at al-Qaida oppmoda til terror mot norske anlegg i muslimske land.
Informasjonssjef i Rolls Royce Marine, Arnfinn Ingjerd, seier truslane ikkje endrar planane til selskapet.
- Vi gjer vel oss ein ekstra tanke, men som sagt, vi fortsetter som før, seier han.
Det var onsdag denne veka at trugslane kom om terror mot norske anlegg i muslimske land.
Ambassadane i utlandet vert rekna som moglege terrormål, og nokre av oljeselskapa har innført restriksjonar på reiser til muslimske land.
Kontoret til Rolls Royce Marine skal opnast i Dubai i løpet av sommaren, og skal ha inntil tre tilsette.