– Det er snakk om ei omfattande slanking av selskapet på leiar- og mellomleiarsida, seier kommunikasjonsdirektør Anette Bonnevie Wollebæk til Nett.no.
Ho seier til nettstaden at 350 tilsette i Rolls-Royce Marine AS har fått eit frivillig sluttpakketilbod.
I Noreg har Rolls-Royce om lag 3200 tilsette. Totalt 2400 jobbar i Rolls-Royce Marine, der 2100 av har tilhald på Sunnmøre.
Sluttpakketilbodet har i hovudsak gått til leiarar og mellomleiarar i Ulsteinvik og Ålesund, men også Rolls-Royce i Brattvåg, Hjørungavåg, Longva og Rolls-Royce i bergensområdet er omfatta av kutta.
Ifølgje Nett.no omfattar kutta verken ingeniørar, IT-folk eller salspersonell i bedrifta.
– Dette er kritiske stillingar, og vi har ein ambisjon om å framleis vekse og vere sterke i den maritime marknaden, seier Bonnevie Wollebæk til NRK.
- Les også:
- Les også:
– For topptunge
Vidare fortel ho at det ikkje er snakk om å la 350 menneske gå.
– Dette er eit tilbod til 350 leiarar og mellomleiarar. Vi veit ikkje kor mange som kjem til å søke om sluttpakke, og reknar med at langt frå alle kjem til å gjere det. Det er ikkje slik at vi skal kappe 350 hovud, seier kommunikasjonsdirektøren.
Ho slår i tillegg fast at Rolls-Royce kan seie nei til nokre søknader dersom det er spesielt kritiske roller, som igjen kan vere vanskeleg å erstatte.
Kuttast skal det uansett gjerast.
– Dette er eit resultat av at vi må kutte i administrasjonen vår. Vi har blitt relativt topptunge gjennom mange år, og det må vi gjere noko med, slår Bonnevie Wollebæk fast til NRK.
Vil vere i forkant
Ho viser til at konkurrentar allereie har kutta kostnader på liknande område.
– Og det er svært viktig for oss å ha same pris- og kostnadsnivå som dei framover.
Kommunikasjonsdirektøren er tydelege på at det har blitt overdrive på administrasjonssida, delvis på grunn av jamn vekst over fleire år.
– I tillegg har vi kjøpt opp selskap, som igjen gjer at vi har fått ein del doble funksjonar. Det har vi ikkje råd til i lengda, seier ho.
Rolls-Royce Marine AS driv i tillegg med samanslåing av forretningseiningane Merchant og Offshore.
– Vi må sjå på den framtidige organiseringa og korleis den vil sjå ut. Då vil vi også sjå kor vi har doble funksjonar tydelegare. Dette er eit tilbod i forkant av ei samordninga av drifta, seier Bonnevie Wollebæk.
Rolls-Royce Marine AS forventar endelege svar på sluttpakketilbodet i overgangen august/september.