Hopp til innhold

Slik skal Solemdal komme i VM-form

Skiskyttar Synnøve Solemdal frå Tingvoll har slite med forma den siste tida, men heldt godt stand under stafetten i Holmekollen søndag. No satsar ho på å blinke forma inn mot VM om tre veker.

Synnøve Solemdal

Synnøve Solemdal under si tredje etappe i stafetten søndag.

Foto: Ruud, Vidar / NTB scanpix

– Det går litt treigt i sporet, men då er det enda viktigare å få ned blinkane, seier Solemdal etter stafetten.

Ho skaut full hus både på liggande og ståande skyting på si tredje etappe. Laget kom inn itl ein sjuandeplass i verdscuprennet. Stafettlaget bestod elles av Marte Olsbu, Elise Ringen og Fanny Welle-Strand Horn, medan Tiril Eckhoff ikkje stilte til start i dag.

Satsar på roleg trening

Det har vore langrennsforma som har vore utfordringa for Solemdal. Ho trur likevel ho veit kva som skal til for å få fart på skia.

– Trening! No skal vi roe ned og ha roleg og halvroleg terskeltrening for å få opp styrken i beina. Då satsar eg på at det er det som skal til framover no, seier ho til NRK.

Skiskyttaren seier ho no treng to til tre veker der ho får trent litt skikkelig og jamnt.

– Då er håpet at det skal komme seg.

– Det passer vel ganske bra det, det er jo tre veker igjen til VM?

– Ja, det er det eg har tenkt, smiler Solemdal.