Hopp til innhold

Vil inspirere unge musikarar med rockeakademi

ÅNDALSNES (NRK): – Det høyrdest veldig kult ut med eit rockeakademi, så eg fell litt for namnet, seier Alex Myhre Dahl (14) frå Molde. Han og bandet vil leve av musikken og trur dette kan hjelpe dei med å nå målet.

Rockegruppa Piraya fra Molde

LEVEBRØD: Bandet «Piraya» frå Molde vil gjerne leve av musikk i framtida. Emil Eilertsen Kalsnes (bass), Alex Myhre Dahl (trommer), Martin Myhre Dahl (vokal) og Tord Juul (gitar).

Foto: Frode Berg / NRK

– Eg har spelt eit par konsertar med bandet, «Piraya», men vi har ikkje spelt så lenge, seier Alex Dahl frå Molde.

Han er i startgropa av karrieren, men drøymer stort. Dahl håper det er mogleg å leve av musikken i framtida.

– Vi har jo sett at det er mogleg, så eg håper på det.

RaumaRock-akademiet er eit tiltak for å gjere ferske band betre rusta til å møte musikkbransjen. Dei fleste av deltakarane er tidleg i tenåra, kjem ofte frå lokale musikkskular og har allereie gitt ut musikk på CD, Youtube og liknande.

Deltagere på RaumaRock Akademiet 2017
Foto: Frode Berg / NRK

Tips og råd

RaumaRock-akademiet skal inspirere unge musikarar, og kanskje gi lære dei det som trengst for at draum skal bli verkelegheit.

– Det er veldig lærerikt! Vi er med på ein del foredrag med andre artistar, får vere med på konsert og får opptre sjølv. Det er veldig koseleg, seier Miriam Øverås Pedersen.

Ho er vokalist i det «The Whifflers». Eit band ho starta saman med eit par andre jenter for nokre dagar sidan.

– Det beste tipset vi har fått er å tørre å legge ut musikken sin. Ikkje vente fordi du ikkje føler det er bra nok. Så blir det heller gradvis betre etter kvart, seier ho.

Moldegruppa "The Whifflers"

NYSTARTA: Bandet «The Whifflers» har fått mange gode tips. Tuva Sørflaten (bass), Miriam Øverås Pedersen (vokal), Ida Kleppe (gitar).

Foto: Frode Berg / NRK

Ikkje eit gitarkurs

– Akademiet er eit utspring av RaumaRock, og vi har heldt på i fire, fem år no. Tanken bak det er å inspirere komande musikarar, seier Ola Stavran.

Stavran er ansvarleg for RaumaRock-akademiet, og fortel at det ikkje er eit kurs for å lære dei første grepa på gitar.

Dette er for folk som har spelt litt, og kanskje har eigne melodiar.

Ola Stavran, ansvarleg for RaumaRock-akademiet

– Deltakarane får møte etablerte musikarar, spele for dei og få tilbakemelding. Her er det snakk om å få tips og triks for å finjustere.

Akademiet skal gi eit lite innblikk i kva moglegheiter som finst, og kva som skal til for å leve av musikken. Men Stavran trur ikkje nokon gir opp fordi det kan vere tungt.

– Ingen gir opp. Eg trur dei får veldig mykje inspirasjon og vil stå på vidare, konstaterer han.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL