Hopp til innhold

Vil snu utflagging med robotprosjekt

RobTek AS er eit samarbeid mellom 22 bedrifter om å etablere eit robotteknologisk senter. Formålet er å snu trenden med utflagging av norske industriarbeidsplassar.

Arne Tande og Guttorm Ulla

Arne Tande og Guttorm Ulla vil etablere eit robotteknologisk kompetansesenter. I dag orienterte dei Fylkesutvalet om planane.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Lønningane i Noreg har auka langt meir enn i andre europeiske land dei seinare åra. Produktiviteten må opp for at norsk industri skal vere konkurransedyktig.

– Det er ikkje så mange andre måtar å auke produktiviteten på enn å auke talet på robotar og andre hjelpemiddel slik at timelønnene ikkje blir ein altfor stor del av produksjonskostnadene, seier Arne Tande, som er prosjektleiar for RobTek.

I Noreg har vi hatt ei lønnsutvikling dei siste 15 åra som er sterkt medverkande til å gjere produksjonskostnadene her svært høge. Så dyrt har det blitt å produsere varer her at vi i mange år no har hatt ein trend med lågare aktivitet og utflagging av norske industriarbeidsplassar til lavkostland.

Langt framme – og langt etter

Sidan 2000 har lønningane her i Noreg stige med 80 prosent mot berre 10 prosent i Tyskland, 20 prosent i Sverige og 30 prosent i Frankrike.

– Vi er inne i ein vanskeleg situasjon. Når vi flaggar ut produksjon flaggar vi også ut teknologi, og produksjonsteknologi er basisen for evna til innovasjon, forklarer Arne Tande.

Møbelrobot ved Ekornes Grodås

Ekornes er langt framme i å ta i bruk robotar.

Foto: Ekornes ASA

Møbelprodusenten Ekornes er blant bedriftene her i landet som har kome langt i å ta i bruk robotteknologi, og er ofte omtala når det er snakk om robotisering av industri. At om lag 10 prosent av dei 1200 robotane i Noreg er eigd av Ekornes fortel ein del.

Les også: Denne unike maskinen er sofa-spesialist

Men under eitt ligg Noreg etter mange andre land i bruk av robotar. Det er det RobTek AS og bedriftene som er med der vil gjere noko med. Selskapet er under stifting og er i ferd med å søke fylkeskommunen om støtte til prosjektet.

«Framtidas fabrikk»

Visjonen er å bygge «framtidas fabrikk». Den skal ikkje vere eit produksjonsanlegg, men ein stad der bedrifter kan prøve ut ny produksjonsteknologi og nye produksjonsmåtar og føre det tilbake til sine eigne bedrifter. Kompetansesenteret ønskjer RobTek å etablere i Brattvåg på Sunnmøre.

Skal ein få til dette er det ein føresetnad at fylkeskommunen som skuleeigar også engasjerer seg. Skal trenden snuast må det vere tilbod om utdanning innan bruk av robotteknologi i den vidaregåande skulen, meiner Tande.