Hopp til innhold

Roar ville ha eiga strandlinje - kjøpte to øyer

Då Roar Henden (36) flytta frå Oslo til Averøy drøymde han om ein eigedom ved sjøen. No eig han to idylliske øyer.

Eldhusøya

Eigedomen er frå 1750 og har ikkje vatn, kloakk eller straum. Roar Henden har kjøpt øya.

Foto: Roar Halten / NRK

Det er liten storm, men det vesle gardsbruket på Eldhusøya ligg i ly for vinden. Rundt næraste bergkam er det nesten ikkje råd å stå på beina og sjølv måken held seg på landjorda i dag. Eldhusøya har akkurat blitt Roar Hendens fritidsparadis. Frå før av eig han naboøya Lauvøya som ligg nokre hundre meter unna. Der bur han saman med kone og to barn.

Roar Henden

Roar Henden eig to øyer ved Atlanterhavsvegen. Lauvøya og Eldhusøya.

Foto: Roar Halten / NRK

Henden jobbar som eigedomsutviklar i Oslo og halve månaden bur han på Grünerløkka. Resten av tida bur han på øya Lauvøya.

– Vi ville gjerne ha ein eigedom med strandlinje og då Lauvøya vart lagt ut for sal i 2006, slo eg til, fortel Henden.

Øya er på 350 mål og vegforbindelsen er den berømte Atlanterhavsvegen.

LES OGSÅ:

Kjøpte ei øy til

I sommar vart naboøya Eldhusøya lagt ut for sal, og atter ein gang slo Henden til. Øya ligg berre 1 km frå der familien bur. Eigedomen er frå 1750 og har verken innlagt vatn, kloakk eller strraum. Det har ikkje budd folk på øya fast sidan 1964 og kommunen har lagt restriksjonar for bygging på eigedomen.

– Eg er oppriktig interessert i historia til øyene her og glad i å sette i stand gamle hus, seier Henden.

Han er fascinert over folk som i hundrevis av år har livnært seg på øyane og levd som fiskarbønder. Blant anna kom det seglskuter med fisk frå Lofoten og tørka klippfisken på berga på Eldhusøya.

Roar Henden

Roar Henden seier at all ledig tid går med til restaurering.

Foto: Roar Halten / NRK

Sjølv har han ingen planar om å ta opp att klippfiskproduksjonen, men han har skaffa seg villsau som skal beite og pleie kulturlandskapet. På sikt vil han leige ut bustaden på Eldhusøya på sommarstid til turistar.

All ledig tid går med

– Å kjøpe to øyer med så mange hus er ein livsstil. All ledig tid går med. Det er rett og slett ein dyr fritidssyssel, seier Henden.

Han føler seg priviligert som kan veksle mellom storbylivet i Oslo og det rolege livet på øyane sine.

Kva må du betale for ei heil øy i Trondheimsfjorden og kva kostar eit totalfreda hus eller ei toppleilegheit ved Nidelven sin munning? Utfordringane står i kø når programleiar Frode Søreide tek med meklarar frå Oslo og Asker. Dei slit med å bli samde og millionane sitt laust i budrunden.Sesong 6. (1:6)

Kva må du betale for ei heil øy i Trondheimsfjorden? Det får du vite i programmet Solgt.