Hopp til innhold

Roar (42) er einaste mann i skulens foreldreutval

Likestillingsombodet meiner det er problematisk at ikkje fleire menn engasjerer seg meir i skulekvardagen til barna.

Roar Opstad er einaste mann i skulens foreldreutval.

Roar Opstad håper fleire menn vil trå til i FAU.

Foto: Remi Sagen / NRK

– Det er eit ansvar som ligg like mykje på oss mannfolk som på damene, så vi burde eigentleg ha vore fleire, seiar Roar Opstad.

Blant 40 damer er han einaste mann i FAU (Foreldrerådets arbeidsutval) ved Volsdalen skole i Ålesund.

– Det bør vere ein balanse i alle slike utval. Eg oppfordrar også andre mannfolk til å stille opp.

FAU ved Volsdalen skule.

Monica Alnes leiar 40 damer og ein mann i FAU ved Volsdalen skule i Ålesund.

Foto: Idun Aalbu Rasmussen / NRK

Leiar i FAU ved skulen, Monica Alnes, seiar at sjølv om det alltid har vore få menn i utvalet, så var det urovekkande å sjå talet på kvinner og menn i år. Ho meiner at perspektivet til menn er nyttig å ha med.

– Det vi gjer blir prega av at berre eitt kjønn er representert – menn tenker jo annleis enn kvinner som gjer at ein får eit breiare perspektiv, seier Alnes.

Det er rektor ved skulen, Siw Ørborg Klokkersund, einig i.

– Viss vi vil ha menn på banen i neste generasjon, så er det viktig å reflektere rundt dette no.

Likt landet rundt

Rektor Stein Wasmuth

Rektor ved Åsveien skole i Trondheim, Stein Wasmuth, seiar at det er viktig at begge partar er til staden gjennom hele oppveksten.

Foto: Aksel Kroglund Persson / NRK

Situasjonen i Ålesund er ikkje unik. I FAU Ved Prestvannet skole i Tromsø er ein firedel menn og resten kvinner. Tendensen er den same ved Åsveien i Trondheim og ved Slettheia i Kristiansand. Rektorane skulle gjerne hatt fleire menn på listene.

– Mødrene er kanskje meir til stades når barna er små og i skulen, medan fedrane er meir til stades seinare, trur rektor Stein Wasmuth i Trondheim.

Også likestillingsombodet har registrert tendensen. Dei meiner det er problematisk at fedrane ikkje er med.

– Dei uteblir frå ein viktig del av oppveksten til barna. Det er litt rart at fedrane ikkje synest det er viktig å vere engasjert i skulekvardagen til barna sine, seier likestillingsombod Hanne Inger Bjurstrøm.

Ho meiner at få menn i FAU er eit signal om at skule og barn er mor sitt domene, og at ein bør ha ein diskusjon i heimen om kvifor det er slik.

– Mor tek seg av heimesfæren og dette er den forlengde heimesfæren, medan far tek seg av fotballtrening og andre aktivitetar.

Hanne Inger Bjurstrøm

Likestillingsombod Hanne Inger Bjurstrøm.

Foto: Lise Åserud / NPK

Bjurstrøm seier at det er viktig for likestillinga at også far deltek i noko som er så viktig for barna. Viss ikkje så blir skulen ein rein kvinnearena.

Judit Ellinor Martinsen, rektor ved Prestvannet skole i Tromsø meiner derimot at det ikkje er så problematisk at menn ikkje er med i FAU, da dei ofte stiller opp for barna andre stader.

– Familien fordeler oppgåvene slik dei synest det passar best. Det er mange menn som trener fotballag og andre aktivitetar, og så går damer på slike ting som dette, seiar ho.

Skilt - Prestvannet skole

Rektor ved Prestvannet skole i Tromsø seiar at sjølv om få menn er ein del av foreldreutvalet, så er dei flinke til å komme på foreldremøte og samtaletimar.

Foto: Dan Robert Larsen / NRK

– Fleire bør sjå kva det handlar om

Rektor Siw Ørborg Klokkersund, trur skulen må vise fram foreldreutvalet til fedrane.

– Viss menn ser kva påverknadskraft FAU har, så hadde vi kanskje fått med fleire menn, seiar ho.

Volsdalen skole

Volsdalen skole i Ålesund.

Foto: Idun Aalbu Rasmussen / NRK