Hopp til innhold

Rivinga er i gang

Rivinga av den samanraste blokka i Fjelltunvegen i Ålesund byrja tysdag ettermiddag.

Riving i Fjelltunvegen

Rivinga er i gang

Foto: Odd Kristian Dahle / NRK

- Bygningen skal rivast etasje for etasje frå toppen, seier anleggsleiar Alf Erlend Skeie i AF Decom, selskapet som har fått rivingsoppdraget.

Alf Erlend Skeie

Alf Erlend Skeie, anleggsleiar i AF Decom AS

Foto: Odd Kristian Dahle / NRK

Naboar har flytta

Skeie seier dei reknar med å bruke ei veke per etasje på å rive blokka som blei øydelagd då ei stykke av fjellet bak ho raste ut natt til 26. mars og fem menneske miste livet. Dei som bur i huset på den andre sida av Fjelltunvegen har flytta heimanfrå medan arbeidet varer.

- Vi har rådd dei til å halde seg vekk til dei tre øvste etasjane er rivne, seier prosjektleiar Svein Stavseng i Stavsengs Ingeniørfirma.

Kan meir bergast?

På altanane står krukker med visna blomster, og ein ser møblane gjennom vindauga til det som var ei seks etasjers bustadblokk. Dei som budde i dei øvste etasjane, fekk henta ut verdigjenstandane sine etter at redningsarbeidet var over. Dei to nedste etasjane vart fullstendig knuste. - No vil det verte høve til å gå gjennom rivingsmaterialet for å sjå om det er mogleg å berge noko frå desse etasjane, seier Svein Stavseng.

Svein Stavseng

Svein Stavseng, Stavsengs Ingeniørfirma

Foto: Odd Kristian Dahle / NRK

Dei to husa på kvar side av den øydelagde blokka er framleis evakuerte. Folk får ikkje flytte heim att før fjellet i området er undersøkt.

Maskinen som blir brukt til rivinga veg 93 tonn og har ein arm som er 33 meter lang. Det er den største i sitt slag i landet.