Hopp til innhold

Ringorm stenger dyreklubb

50-60 medlemmer får ikkje besøke Borgund Dyreklubb i Ålesund.

Borgund dyreklubb

Dyreklubben i Ålesund er stengt for besøkende.

Foto: Borgund dyreklubb

Borgund Dyreklubb i Ålesund er stengd for besøkande på grunn av hudsoppen ringorm.

Fjøsen og området rundt Dyreklubben er eit ynda turmål for familiar og barn.

Ringorm, som er ein hudsopp, er svært smittsam. Det gjer at Dyreklubben må sette i verk strenge tiltak.

Kan smitte menneske

Dei tilsette i Dyreklubben oppdaga at ein hest hadde fått ein mistenkeleg ring på ryggen.

– Vi tilkalla veterinær som etter kvart kunne konstatere at hesten hadde fått ringorm, fortel dagleg leiar Marte Sulebust.

Ringorm er veldig smittsam, og kan smitte mellom ulike dyr.

– Både kattar, marsvin, hestar og kyr kan bli smitta. Sidan også menneske kan bli smitta er vi veldig nøye med at det er minimalt med folk som er her, seier Sulebust.

Dyreklubben har ikkje observert at sjukdommen har spreidd seg til andre dyr.

Stengd til over påske

Sjukdomsutbrotet har ført til mykje ekstraarbeid for Dyreklubben. I tillegg er det 50 - 60 medlemmar som ikkje kan ta i bruk tilbodet.

– Vi har tømt stallen, desinfisert utstyr og vaska ned. Det har vore ein kjempejobb, så vi håper at vi har blitt kvitt ringormen no, seier Sulebust.

For å vere heilt sikker på at dei er kvitt sjukdommen, kjem dyreklubben til å vere stengd til over påske.