Hopp til innhold

Ringnot med forventningar til sildetokt

Ringnotflåten har forventningar til at sildetoktet som Havforskingsinstituttet i samarbeid med fiskerinæringa er ute på no, skal føre til større kvotar enn i dag. I toppåra utgjorde sildefangsten rundt 40 prosent av inntektene for enkelte reiarlag, i dag er den nede i under halvparten.

Fiskebåtreiar og havforskar uttalar seg om det ferske toktet som skal kartlegge sildebestanden.

TV-reportasjen om saka. Foto/redigering:ARNE FLATIN

Fiskebåtreiar Petter Geir Smådal i Herøy meiner kvotane på NVG-sild er for låge. Basert på observasjonar som fiskarane sjølve har gjort meiner dei at det kunne ha vore hausta langt meir sild enn det som er sildekvoten for 2015.

Fiskebåtreiar Petter Geir Smådal

Foto:Arne Flatin

Denne veka la forskarar ut på tokt saman med tre fiskebåtar, deriblant romsdalsbåtane "Inger Hildur" og "Nybo" . Det er etter ønske frå fiskarane og med støtte frå Norges Sildelag at Havforskingsinstituttet no på nytt er på gytetokt etter NVG-sild. Fiskebåtane skal prøve å kartlegge silda si gytevandring og gytebestand.

Gytebestanden på NVG-sild er no rekna ut til å vere berre 3,5 millionar tonn, og dermed har kvotane gått drastisk ned sidan 2009.

Toket vert gjennomført i perioden 2.-17.februar med Inger Hildur, Ligrunn og Nybo. Dekningsområdet for toktet vert langs kysten av Møre og Romsdal til og med Troms, men det geografiske området kan utvidast dersom det er behov for det.

Det er venta at ein rapport frå toktet skal ligge klar alt innan slutten av februar.

Sildefiske utanfor Runde

Sildefiske utanfor Runde på 60-talet.

Foto: Lars Golmen

På Runde miljøsenter i Herøy sit havforskar Nils-Roar Hareide. Frå kontoret har han utsikt til gyteområda for silda, eit område der det har vore eit rikt sildefiske tidlegare. Han har også god tru på toktet som er sett i gang no i februar.

Nils-Roar Hareide om sild

Foto:Arne Flatin