Hopp til innhold

Rindarøy usikker til cupfinalen

Han skal spele cupfinale og landskamp. Men strekkskade kan knuse draumen.

Knut Olav Rindarøy

Knut Olav Rindarøy rekk kanskje ikkje cupfinalen.

Foto: Hansen, Alf Ove / SCANPIX

Knut Olav Rindarøy sat på tribunen i 2005 då Molde spelte cupfinale mot Lillestrøm. Frå den dagen har han hatt eit stort ønske om å få vere på bana når Molde skal spele cupfinale igjen.

Strekkskade

Men Knut Olav Rindarøy er skadd. Han har ein strekk bak låret. No innser han at han kanskje ikkje rekk cupfinalen.

- Eg er veldig usikker på om dette går, og eg vil ikkje risikere noko, seier Rindarøy til NRK Møre og Romsdal. Sjansen til å kunne få spele er ikkje så stor som eg hadde håpt, men det er framleis nokre dagar att. Så vi får sjå, seier Rindarøy.

Cup - radio og nett

Blir skuffa

Dersom det viser set at Rindarøy ikkje får spele cupfinalen kjem han til å bli svært skuffa.

- Ja, det blir utruleg tungt. Eg sat på trubuna i 2005. No hadde eg endeleg høve til å vere med å spele sjølv, og så kjem denne strekkskaden. Det er tungt, seier Rindarøy. Det er eit par dagar igjen, men dette lovar ikkje godt, seier han.

UP er tilstede cupfinalehelga

Kom gradvis

Rindarøy seier til NRK Møre og Romsdal at skaden har kome gradvis. Han har aldri hatt strekkskade før.

- Nei, det er typisk at det skal kome akkurat no, seier Rindarøy. Eg veit ikkje om også landskampen ryk. Vi får berre sjå kva som skjer. Det kan jo bli litt kjedeleg viss eg er for utålmodig og så smell det opp igjen, og så blir eg ute i to månader. Det er nesten ikkje vits det heller, seier Knut Olav Rindarøy.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL