Stortinget går lenger enn regjeringa, og dette er ei viktig handsrekning til distrikta, meiner Heggem.
Men Ørsta og Volda risikerer å hamne mellom to stolar.
Dei to kommunane fekk auka arbeidsgjevaravgifta i 1999, utan å få full kompensasjon.
Sjølv om fleirtalet på Stortinget har gått inn for ei kompenasjonsordning, ønskjer politikarane i første omgang å utsette bortfallet av avgifta.
Derfor fryktar rådmann Per Hovden i Ørsta at dei ikkje får vere med på denne ordninga.
Pålegg frå ESA
Det er EFTA sitt overvakingsorgan ESA som har pålagt Noreg å ha lik arbeidsgivaravgift over heile landet. Sist veke fekk regjeringa gjennomslag i ESA for sitt forslag om korleis dette skal verte kompensert.
Men i går påla stortingsfleirtalet regjeringa om å utvide kompensasjonsordninga, deriblant å søke om fritak for enkelte næringar som ikkje er konkurrerande.
Førebels er det uklart kva for næringar dette er snakk om, og det er også eit spørsmål om ESA vil godta denne endringa.
Her i fylket er det 22 av dei 38 kommunane som har redusert arbeidsgivaravgift.