Riksadvokaten inn i Brusdal-saka
Riksadvokaten skal vurdere skuldspørsmålet etter bilulukka i Brusdalen i august på nytt. Ei småbarnmor omkom i ulukka, og politiet og vegvesenet konkluderte feilaktig at bilen ho køyrde kom over i feil køyrebane. I ei pressemelding seint i ettermiddag vedgår politiet at dei pårlrøande ikkje blei møtt på ein god nok måte då dei henvendte seg til politiet. Dette seier politiet seg no lei for.