Riise har signert

John Arne Riise signerte i ettermiddag kontrakten med Aafk. Kontrakten gjeld for eitt år.

John Arne Riise

John Arne Riise kom til Ålesund i går kveld og no er alt klart for å ta på Tango-trøya.

Foto: IAN HODGSON / REUTERS

– Det er stort å være tilbake der det heile starta, skriv John Arne Riise på Twitter til bildet av at han signerer AaFK-kontrakten med klubbdirektør Henrik Hoff.

John Arne blir presentert som AaFK-spelar ved kampstart i kveld kl. 19.00. Dermed kan både spelarar og supporter sleppe jubelen laus etter lang tids spaning.

Laster Twitter-innhold

Ingen kven som helst

– Endeleg! Då ordna alt seg slik vi hadde håpa, men ikkje heilt våga å tru på, skriv AaFK på eiga heimeside, og jublar over at John Arne Riise er klar for AaFK!

Klubben peikar på at det ikkje er kven som helst som no er komen heim og blir ei kjærkomen forsterkning til laget. Venstrebeinet til Riise skal no gjere susen for sunnmørslaget.

Riise signerer

Svært fornøgde karar, John Arne Riise og AaFK-direktør Hen Hoff under signeringa.

Foto: Frå John Arne Riise sin twitterkonto

– Det er den med flest kampar med flagget på brystet gjennom tidene. Og vinner av Champions Leauge – for Liverpool – i Istanbul! Er det mogleg? Er det verkeleg sant, skriv dei.

Heim til sine eigne

Det fløymer over med godord og begeistring på heimsidene til AaFK no i ettermiddag. Ingen tvil om at godguten verkeleg er komen heim til sine eigne.

– Med ei fortid frå Monaco, Liverpool, Roma, Fulham og Apoel har han erfaringa som skal til for å hjelpe AaFK til topps i norsk fotball. Dette kan bli tidenes sesong for AaFK, skriv klubben på heimesida si.

Siste video/lyd

Avisene bur seg på nok ei helg der folk ikkje får avisa si.
Tidens Krav i Kristiansund set inn ekstratiltak for å kunne å nå ut til alle med laurdagsavisa.
Arbeidsledigheten blant ingeniørene mer en doblet i Møre og Romsdal på ett år.
Skoleelever slår til med annerledes julekalender. Det handler ikke om å få, men å gi til de som trenger det.