Riise fekk namnet sitt på statuen

Tidlegare fotballproff John Arne Riise har endeleg fått namnet sitt på den mykje omtalte statuen utanfor Color Line Stadion i Ålesund. Sjølv om det er liten tvil om at statuen er svært lik Riise, fekk statuen namnet «Fotballspilleren» då han blei avduka i 2005. Tysdag var det igjen avduking og statuen heiter no «John Arne Riise».

John Arne Riise og statuen
Foto: Tore Ellingseter / NRK