Rigmor Brøste ny fylkesmann

Rigmor Brøste blei i statsråd i dag konstituert som fylkesmann i Møre og Romsdal.Rigmor Brøste er konstituert som fylkesmann fram til Else-May Botten tiltrer i sitt åremål. Else-May Botten blei i statsråd 26. oktober 2018 utnemnt til fylkesmann i Møre og Romsdal og vil tiltre embetet etter at ho går av som stortingsrepresentant hausten 2021. – Vi har fått på plass ein erfaren leiar med ovleg relevant bakgrunn til å leie embetet dei neste åra, seier kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland.

Fungerende fylkesmann Rigmor Brøste
Foto: Roar Halten / NRK