NRK Meny
Normal

Riding som fysioterapi

Ho starta opp med ein person i 2008. No er det 25 personar som kvar veke er med på terapiriding i Volda for funksjonshemma. Og dei kjem frå fleire kommunar, ikkje berre frå Volda og Ørsta.

Terapiriding i Volda er populært

Her er heile gjengen samla under terapiriding på Ytrestøylen i Volda. Foto/redigering: ARNE FLATIN.

Silje Heltne er fysioterapeut. Ho driv for seg sjølv, men for seks år sidan fekk ho ideen om å etablere ei behandling der hest og riding er i fokus.

Silje Heltne

Silje Heltne driv med terapiriding.

Foto: Arne Flatin / NRK

Saman med hesteeigar Torill Kristin Wollmann foregår dette to gonger i veka, Og det har gitt resultat.

- Særleg på balanse, at folk rettar seg opp meir. Folk som har vore med sidan starten var meir krum i ryggen den gongen enn dei er no. Ei anna positiv effekt er at fleire av dei lærer seg å ri og vert skikkeleg flinke, seier Heltne.

- No har det vore ganske fullt det siste skuleåret, så kapasiteten ligg nok på rundt 25 personar. Men det er jo heile tida nokon som sluttar så andre får kome inn, seier fysioterapeuten. Mange har nok merka at dei har fått betre balanse etter å ha vore med på ridinga.

- I tillegg får dei styrkt mage og rygg, som er særleg viktig for dei som til dømes sit i rullestol.

Privat verksemd med støtte

Dei to som driv dette på privat basis har ein avtale med helseføretaket og får dekt ein del med dei og folk strøymer til frå både Ørsta og Volda og frå andre kommunar på Søre Sunnmøre etter som dette er det einaste tilbodet i sitt slag i dette området.

Monika Arnesen kosar seg på hesteryggen.

Monika Arnesen kosar seg på hesteryggen.

Foto: Arne Flatin / NRK

Ei av dei som deltek er Monika Arnesen. Ho synest det er kjempekjekt å ri, og ikkje minst er hestane veldig kjekke. Så dette kjem ho til å halde fram med.

På ridebana ser ho ut til å kose seg når NRK er på plass og filmar. Ho får beskjedar frå fysioterapeuten undervegs og meistrar stadig betre utfordringane som det gir å sitje på hesteryggen.

Medan vi er på plass er det tre ryttarar på plass på ridebana. Men stort sett rir dei ute i naturen og ikkje på bane. Therese Vartdal er støtteassistent for Isak, og ho seier dette er noko som gir gode resultat for den unge guten.

Silje Heltne og Monika Arnesen

Monika Arnesen på hesteryggen. Silje Heltne har kontrollen.

Foto: Arne Flatin / NRK