- Dette ser eg på som ein anerkjennelse for det alle gjer her på fabrikken, seier Jens Petter Ekornes til NRK Møre og Romsdal. Eg ser ikkje på utmerkinga som mi, denne må eg dele med resten av dei tilsette her, seier han.
Industribyggar
- Det er først og fremst industribyggaren og grundaren Jens Petter Ekornes som får utmerkinga, seier fylkesmann Ottar Befring. Han har satsa sterkt i møbelindustrien, gjort møbelindustrien i Noreg store tenester og ikkje minst har han gjort møbelkonsernet Ekornes til ein internasjonal bedrift som er kjend over store deler av den vestlege verda, seier han.
Jens Petter Ekornes er tildelt 1.klasse av Den Kongelege Norske St Olavs Orden.
Heng høgt
1.klasse av Den Kongelege Norske St Olavs Orden er ei utmerking som heng svært høgt. Det er berre tre personar frå Møre og Romsdal som har fått utmerkinga tidlegare. No blir Jens Petter Ekornes den fjerde frå Møre og Romsdal som får denne utmerkinga etter krigen.
- Ordførar i Sykkylven, Jan Kåre Aurdal, seier dette er ein stor dag for Sykkylven. Vi er stolte over å ha ein slik industrimann i Sykkylven, seier han.
Inspirator
- Den innsatsen Jens Petter Ekornes har gjort, den leiaren han har vore, den industrimannen og inspiratoren, det er berre heilt fantastisk, seier Aurdal. Eg trur dei fleste veit at Jens Petter Ekornesn har hatt ei veldig stor betydning for Sykkylven, seier han.