Rettssaka mot to brør

I dag startar rettssaka mot to rumenske brør, som er tiltalte for fleire grove valdtekter mot ei jente i Romsdal. Mennene blei arresterte i England i fjor haust, og utleverte til Noreg. Den første valdtekta skal ha skjedd like etter at tenåringsjenta hadde fylt 14 år i 2015. Året etter skal den eldre broren ha forgripe seg på jenta. Ein av brørne er også tiltalt for valdtekt mot ei anna jente i området.