NRK Meny
Normal

Rettssak om skadar på 1000 år gamal kyrkje

Måndag startar rettssaka mot selskapet som er tiltalt for å ha gjort store skadar på Tingvoll kyrkje med vinkelslipar.

Tingvoll kyrkje

Oppussinga av Tingvoll kirke gjekk ikkje etter planen. No blir det rettssak.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Det var i 2016 at Trondheimsfirmaet KulturminneCompaginet vart hyra inn for å fjerne gamal murpuss på mellomalderkyrkja i Tingvoll. Riksantikvaren var slett ikkje nøgd med arbeidet og hevda at det vart gjort uopprettelege skader med vinkelslipar. Heilt sidan 1100-talet har steinane, som kyrkjeveggen er bygd opp av, hatt spor etter dei som hogde den ut. Etter restaureringsarbeidet var alle kjenneteikna borte.

Riksantikvaren melde firmaet til politiet for brot på kulturminnelova. Selskapet tok ansvar for feilen og ville betale for rekonstruksjon av overflata på den skada steinen, men nekta å godta bota dei fekk frå Økokrim.

I vår gav Økokrim selskapet ei bot på 500 000 kroner og kravde 250 000 kroner i erstatning.

Leiinga i selskapet har tidlegare sagt til NRK at dei opplever å bli brukt i ein kamp for å få løfta statusen til Kulturminnelova, og hevdar bota er alt for høg.
Dermed hamnar saka no i retten.

Det er sett av fire dagar til saka i Nordmøre tingrett.

LES OGSÅ: