Rettssak mot svindeltiltalt kvinne

I dag startar saka mot ei kvinne på Sunnmøre som er tiltalt for å ha svindla ein sambygding og sambuaren hans for over 1,5 millionar kroner. Både arv og sparepengar skal ha forsvunne, og mellom anna gått til å betale billån, mobilrekningar og husleige. I følge tiltalen skal kvinna ha sagt at politi og namsmann ville kome på døra, om dei to ikkje betalte. Begge har tilrettelagt arbeid i ei kommunal verksemd. Kvinna vedgår ikkje straffskuld.