NRK Meny
Normal

Rettssak mot sextiltalt trenar blir utsett i tre månader

Rettssaka som eigentleg skulle starte i Romsdal tingrett i dag er utsett. Politiadvokaten stadfester at etterforskinga har tatt lang tid – no skal endå fleire vitne til avhøyr.

Tiltale romsdal tingrett

Mannen frå Romsdal er tiltalt for å ha misbrukt si stilling som trenar. Fleire vitneavhøyr er grunnen til at rettssaka blir utsett.

Foto: Lena Høyberg / NRK

Den tiltalte romsdalsmannen har vore trenar i ei årrekke og hadde mykje kontakt med ungdommar gjennom jobben sin. I april 2008 skal 46-åringen ha gått inn i eit seksuelt forhold med ei 16 år gammal jente som han var trenar for. Hausten 2011 vart saka meldt til politiet.

Mannen er tiltalt for å ha misbrukt si stilling som trenar. Ifølgje politiet har etterforskinga tatt lang tid på grunn av mange vitneavhøyr. 1. april i år tok statsadvokat Magne Nyborg ut tiltale. Rettssaka skulle opp i Romsdal tingrett i dag. Men slik blei det ikkje.

Forsvarar vil utsetje

Romsdal tingrett fekk ei oppmoding om utsetting frå forsvararen. Dommaren i saka, Odne Hansen, seier at fleire vitne skal i avhøyr, og difor skal ikkje saka opp før i august.

– Ingen har protestert på at saka blir utsett, seier Hansen.

Politiadvokat Julie Ulstein stadfestar at forsvararen vil snakke med fleire vitne, og at saka har tatt lenger tid enn forventa på grunn av det.

I tiltalen står det at 46-åringen skal ha misbrukt tillitsforholdet og skaffa seg seksuell omgang med den unge jenta. Det er ikkje kjent om mannen vedgår straffskuld.

Mannen er tiltalt for brot av straffelova paragraf 193, første ledd, og strafferamma er opp til seks år i fengsel.