Rettssak Kristiansund
Foto: Terje Reite / NRK

Rettssak krenkande oppførsel

Oppsummert

Ein tidlegare lærarvikar/assistent i 20-åra er tiltalt for å ha sendt meldingar av seksuell karakter til ein elev (15). No er han dømd til fengsel på vilkår i 30 dagar.

  • Fengsel på vilkår for krenking

    Ein tidlegare assistent/vikarlærar ved ein skule på Nordmøre er dømd til fengsel på vilkår i 30 dagar for seksuelt krenkande oppførsel overfor ein mindreårig elev. Retten kom til at vikarlæraren oppførte seg seksuelt krenkande, og at han krenka elevens fred ved stadig kontakt på sosiale medium og telefon. Retten har lagt fornærma si forklaring til grunn, og legg vekt på at handlingane var grove. Der er skjerpande at mannen var assistent ved skulen som jenta gjekk på, heiter det i dommen. Han får ei prøvetid på to år. Vikarlæraren må også betale oppreisingserstatning til eleven på 10 tusen kroner.

  • Dom blir offentleg onsdag

    Dom i saka mot vikarlæraren frå Nordmøre som er tiltalt for seksuell krenking av ein mindreårig elev blir offentleggjort onsdag 9. mai klokka 14.00. Aktor kravde fengsel i 120 dagar medan forsvararen kravde full frifinning.

  • Krev full frifinning

    Forsvararen til lærarvikaren/assistenten som er tiltalt for seksuelt krenkande og uanstendig oppførsel overfor ein mindreårig elev krev full frifinning. Ho hevdar at det ikkje er lagt fram bevis for at handlingane som er omtalt i tiltalen er bevist. Forsvararen stilte også spørsmål ved om det som hadde skjedd er seksuelt krenkande. – Når to personar har ein interaksjon er det ikkje alltid at begge opplever situasjonen på same måte, sa forsvararen. Forsvararen avviste også at tiltalte hadde oppført seg plagsamt og omsynslaust. – Tvert om ville han berre hjelpe eleven, sa ho. Ho konkluderte med at tiltalte ikkje kan dømast for noko av punkta i tiltalen.

  • Krev erstatning på 15.000,-

    Bistandsadvokaten til eleven, som i følgje tiltalen er utsett for krenkande oppførsel frå ein vikarlærar, la i dag ned påstand om oppreisingserstatning på 15.000,- kroner.

  • Krev fengsel i 120 dagar

    Aktor meiner det er bevist at tiltalte faktisk har gjort det han er skulda for. Ho meiner at det er fornærma si forklaring som må leggast til grunn. Aktor viste til meldingar som ho meiner er av seksuell karakter og som er upassande i forholdet mellom lærar og elev. Aktor meiner også at tiltalte har krenka fornærma sin fred, mellom anna ved å ta kontakt om natta. Ho meiner at tiltalte har utnytta ein sårbar 15-åring der han var i ein overordna situasjon som vaksen. Aktor krev dermed fengsel i 120 dagar.