NRK Meny

Rettssak etter dykkarulykke

I dag startar rettssaka etter at ein kamskjell-dykkar omkom utanfor Smøla for tre år sidan. Mannen var på jobb for eit firma i Trøndelag, og den tidlegare daglege leiaren er tiltalt for fleire brot på arbeidsmiljølova. Ifølge tiltalen skjedde dykkinga uten kartlegging av farer og risikovurdering. Det er sett av tre dagar til rettssaka i Nordmøre tingrett.