NRK Meny
Normal

Ber om forvaring for Anjas drapsmann

Rettspsykiatrane som undersøkjer tiltalte etter drapet på Anja Weløy Aarseth (21) i Ålesund, skal ha konkludert med at det er høg risiko for at han utfører nye, alvorlege lovbrot.

stengt tursti

Anja Weløy Aarseth (21) vart valdtatt og kvelt til døde då ho var ute på ein joggetur på byfjellet Aksla i august i fjor.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / NTB scanpix

Rettspsykiatrane Terje Tørrisen og Michael Setsaas observerte 24-åringen i fengsel i fjor haust. Ifølgje Bergens Tidende står det blant anna i sakkyndigrapporten deira at tiltalte har ei alvorleg personlegheitsforstyrring, som delvis kan vere utløyst av langvarig rusbruk.

Tidlegare har rettspsykiatrane konkludert med at den tiltalte ikkje var psykotisk då han valdtok og kvelte bergenskvinna Anja Weløy Aarseth (21) på byfjellet Aksla i august. Tiltalte har erkjent handlingane.

Statsadvokat Ingvild Thorn Nordheim seier til BT at det skal mykje til før påtalemyndigheitene ikkje vil be om tidsubestemt straff i form av forvaring. Ho vil elles ikkje kommentere innhaldet i rapporten.

– Dei sakkunnige vil i forklaringa for retten gå nøye gjennom spørsmålet om tiltalte er tilrekneleg, vilkåra for forvaring og fare for gjentaking. Eg vil ikkje gå i detaljar om dette før dei har fått forklart seg, seier Nordheim til avisa.

Rettssaka begynner tysdag 11. februar i Sunnmøre tingrett.