Ekstremvêret «Didrik» førte til flod og svært høg vasstand langs kysten over heile Vestlandet.
Restauranten Happy Elefante ligg nær Brosundet midt i Ålesund sentrum. Eigaren blei overraska over ein merkeleg lyd.
Ivar Breivik, eigaren av Happy Elefante. Han blei overraska over ein «spylelyd», som han ikkje fekk til å stemme.
Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK– Eg sat på kontoret og høyrde vatnet pipla inn. Eg trudde nesten det var nokon som stod og spylte, seier Ivar Breivik.
Det første han gjorde var å løpe ned for å sjekke vinkjellaren til restauranten, der vatnet heldt fram med å sive inn. Til saman fylte det 30 centimeter opp frå golvet, anslår brannvesenet.
5-6 vinflaskar låg i vatnet, men det gjekk truleg mest utover vinreoloar, kjøleskap og frysarar, trur Breivik. Han vel å sjå lyst på situasjonen.
Brannvesenet var på plass for å pumpe ut vatn frå vinkjellaren.
Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRKDei kan ikkje servere vinflaskene som låg i saltvatn, men Breivik er sikker på at han og dei tilsette fint skal klare å kvitte seg med vinen sjølv.
– Vi vurderte å køyre eit beachparty, med shorts og bikini, seier han spøkefullt.
SJÅ VIDEO: Slik prega floda Ålesund.
Ekstremvêret «Didrik»
Prognosane for stormfloa Didrik slo til i dag, og førte til svært høg vasstand over heile Vestlandet. I Møre og Romsdal var vasstanden 70 centimeter over det som var vanleg tidevatn då floda var på det høgaste.
Det har ikkje ført til alvorlege utfordringar, men mange har fått kjellarar fulle av vatn. I Ålesund blei også Jugendstilsenteret og Sunnmøre museum ramma.
Steve Hansen er hamnekaptein i Ålesund.
– Det har vore som forventa, men det kan jo vere kritisk for dei som får vatn i kjellarar og likande, seier hamnekaptein i Ålesund, Steve Hansen.
Hansen seier ei slik flod treff om lag kvart tiande år. Han trur fint vêr og lite vind har ført til at det stort sett har gått greitt føre seg.
– Det har vore våres fordel i dag tenkjer eg, seier Hansen.
Må ha nattevakt
I natt er det venta høg vasstand igjen, med opptil 50 centimeter over vanleg flonivå i Ålesund. Dermed tek dei ingen forholdsreglar på restauranten.
– I dag så køyrder vi nattevakt, og pumpane skal ikkje ut før i morgon tidleg. Før vi veit at vi har fått tømt heile kjellaren, seier Breivik.