Responderer ikkje på Mayday-signal

Hovudredningssentralen i Sør-Noreg går ut og minner om at VHF-lytteplikta gjeld på alle skip. I dag fekk ein fritidsbåt motorproblem og var i ferd med å gå på grunn på Runde i Herøy. Båten sende ut naudsignal. Hovudredningssentralen har den siste tida opplevd fleire gonger at skip ikkje responderer på oppkallingar eller naudsignal.

Hovedredningssentralen, Sør-Norge
Foto: Gunnar Morsund / NRK