Hopp til innhold

Nyresjuke Anne Berit får rense blodet heime

VESTNES (NRK.no): Anne Berit Halås er alvorleg nyresjuk og ein av svært få i landet som får ta bloddialyse heime. Legane trur dette er framtida for fleire pasientar.

Får ta dialyse heime

Anne Berit Halås slepp å dra til sjukehuset fleire gongar i veka for å ta hemodialyse. Ektemannen Arild Ove har blitt kursa til å hjelpe henne til å ta behandlinga heime.

Dialyse heime

Anne Berit må rekne med å vere avhengig av dialyse resten av livet.

Foto: Remi Sagen / NRK

Heime på vaskerommet i Vestnes i Romsdal, har Anne-Berit Halås (48) installert seg med ein godstol, fjernsyn og ein dialysemaskin.

Med vande fingrar gjer ektemannen Arild Ove Halås (47) klart for dagens reinsing av blodet. Han spritar huda, stikk inn ei tjukk nål og koplar til slangen som skal fjerne avfallsstoffa i blodet.

Anne Berit har vore nyresjuk sidan ho var fem år gamal. I 1993 vart ho så sjuk at ho trengde nyretransplantasjon. Faren donerte ei nyre, men etter 11 år sa organet takk for seg.

Sidan den tid har Anne-Berit vore avhengig av dialyse fleire gongar i veka. Slik det ser ut no kan ho ikkje gå gjennom fleire nyretransplantasjonar og er budd på at dialysen må vere med ho resten av livet.

Lang reiseveg

– Eg vart veldig sliten av reisinga til sjukehuset, for det er nesten som ein full arbeidsdag. Det vert ikkje mykje att av dagen, fortel Anne Berit.

Dei siste fire åra har ho blitt køyrt frå Vestnes til sjukehuset i Ålesund, for å ta hemodialyse opp til fem gongar i veka. Turen tar ein time kvar veg.

For knappe tre veker sidan fekk ho endeleg dialysemaskin heim, og ho er dermed ein av få i landet som har eit slikt tilbod. Tal frå Kunnskapssenteret viser at ved utgangen av 2012 var det 11 nyresjuke i landet som tar hemodialyse i sin eigen heim.

I drivhuset

Paret brukar mykje av fritida på hagearbeid. No håper Anne Berit at ho skal få meir energi til å stelle blomane.

Foto: Remi Sagen / NRK

LES OGSÅ:

Mannen vart sjukepleiar

Ektemannen Arild Ove Halås har fått opplæring i vekevis og er den som stikk henne med sprøyter og koplar henne til dialysen. Han spøker med at sjukepleiaryrket ikkje er så vanskeleg å lære seg.

– Fordelen er at eg har sett på dialyse i så mange år, så eg visste kva det gjekk ut på, seier Arild Ove.

Det er uvant for paret å berre kunne stå opp om morgonen, gjere ferdig dialysen på formiddagen og ha resten av dagen ledig. Arild Ove jobbar som kretsleiar i Nordmøre og Romdal indremisjon.

Der har han fleksibel arbeidstid og heimekontor. Det er ein føresetnad for at Anne Berit skal kunne ta dialysen heime. Ektemannen må nemleg vere i huset medan ho tar dialyse, dersom noko akutt skulle oppstå.

– Han er så flink og roleg at eg føler meg heilt trygg, seier Anne Berit.

Fleire vert nyresjuk

Øyvind Kaarbøe

Overlege Øyvind Kaarbøe ved Ålesund sjukehus trur fleire i framtida vil få tilbod om hemodialyse heime.

Foto: Remi Sagen / NRK

I løpet av dei siste ti åra er talet på dialysepasientar i Noreg dobla. I 2012 hadde 1240 pasientar behov for dialyse permanent.

Overlege ved sjukehuset i Ålesund, Øyvind Kaarbø, seier at grunnen til at fleie har nyresjukdom er at befolkninga vert eldre og fleire får type 2 diabetes.

– No har vi fått ny teknologi som gjer det lettare for pasienten og pårørande å ta behandlinga heime, seier Kaarbø.

Han seier at pasienten må vere motivert og nøyaktig for å kunne bruke dette tilbodet. Ikkje alle har lyst til å ta med slikt utstyr heim, og synest det er tryggast at det vert utført av helsepersonell.

Sjølv trur Kaarbø at hemodialyse heime berre er i startgropa, og at fleire pasientar vil kunne gjere som Anne Berit.

Umogleg på ferie

Anne Berit og Arild Ove bur idyllisk til på ei strandtomt i romsdalskommunen. I drivhuset i hagen står frø og løkar og lengtar etter sommaren. For Anne Berit er det rekreasjon å halde på i hagen.

No når ho slepp å reise til sjukehuset fleire gongar i veka, håper ho å ha att meir energi til hagearbeid. Ein annan stor draum er å kunne sette seg i bilen og dra på tur når ho sjølv ynskjer det.

– Vi har prøvd å få gjestedialyse andre stader i Norden, men dei siste åra har det vore forferdeleg vanskeleg fordi det er fullt på alle dialysestasjonane, fortel Anne Berit.

Allereie i januar plar Arild Ove og ho starte prosessen med å søkje gjestedialyse andre stader. I fjor enda paret på ferie i Fredrikstad, fordi det var einaste sjukehuset som kunne ta imot dei.

– Vi har prøvd så godt vi kunne å få livet til å vere så normalt som mogleg, men siste åra har det vore vanskeleg, seier Arild Ove.

Får dialyse heime

Arild Ove og Anne Berit bur i idylliske omgivnader. No håper dei å få sjå meir av Noreg sidan dialysemaskina kan vere med i bilen.

Foto: Remi Sagen / NRK

Besøke familien

Ho kjem frå Stord og mange gongar har ho måtte avlyst turar heim til familien, fordi ho ikkje får dialyse. No gler dei seg over å ha si eiga dialysemaskin.

I mai har paret planlagt å dra sørover i konfirmasjon. Og ikkje nok med det. Dei har også planlagt hyttetur i sommar saman med familien.

– Det gir ei veldig god kjensle å kunne reise dit eg sjølv har bestemt og ikkje måtte reise dit vi får plass på gjestedialyse, seier Anne Berit.