NRK Meny

Remøy vil ikkje inn i Solstadstyret

Åge Remøy vil likevel ikkje vere representert i styret i Solstad. Selskapet skriv i ei børsmelding at dei ikkje ønskjer dette. I samband med fusjonen mellom selskapa var eitt av vilkåra at Remøy kunne nominere eit medlem til styret, som fram til no har vore Inger Marie Sperre. Ho har no meldt at ho trekker seg.