NRK Meny
Normal

Remø får Kongens gull

82 år gamle Charles Remø frå Herøy vert tildelt Kongens fortenestemedalje i gull.

82 år gamle Charles Remø frå Herøy vert tildelt Kongens fortenestemedalje i gull.Han får medaljen under ei tilstelling på Herøy kulturhus søndag ettermiddag.

Charles Remø (82) får søndag Kongens fortenestemedalje i gull Foto:Brede Røsjø

Svært mangfaldig

Remø kom med i Herøy kommunestyre i 1971, og var ordførar i to periodar, frå 1979 til 1987. Frå 1976 til 1983, og frå 1991 til 1999 var han med i Møre og Romsdal fylkesting. Han var også 1. varamann for Høgre til Stortinget frå 1983 til 1987, og møtte ofte på tinget i denne perioden.

Sitt sterkaste engasjement har Charles Remø likevel utøvd i ulike fiskeriorganisasjonar. Han var medlem og leiar i kontrollnemnda i Norges Fiskarlag frå 1972 til 1982, og medlem av salsstyret og styreleiar i Feitsildfiskernes Salgslag 1978-88. Leiar i samarbeidsutvalet mellom Feitsildfiskernes Salgslag og Makrellaget 1978-88. Representantskapsmedlem i Norges Sildesalslag 1964-74. Medlem av i Fiskeristyret i Møre og Romsdal fra 1980 til 1991, av dette 8 år som leiar.

Frå krigens dagar har han Deltakermedaljen, Krigsmedaljen og Medalje frå invasjonen i Normandie. Som ein av nokre få som lever i dag av dei som var med under invasjonen i 1944, representerte Charles Remø Noreg i Normandie ved 60-årsmarkeringa våren 2004.

Charles Remø har framleis som 82-åring eit sterkt samfunnsengasjement. Han er leiar i Herøy Eldreråd og leiar i Ytre Herøy pensjonistforeining.