NRK Meny
Normal

– Forundra over uvissa som er skapt

Sentrale Senterparti-politikarar vil byggje nytt sjukehus i Molde og samstundes behalde sjukehuset i Kristiansund. Sjukehusdirektør Espen Remme synest ikkje det er hyggeleg at det blir sådd tvil om det nye fellessjukehuset.

Espen Remme

Direktør Espen Remme seier at helseføretaket er budde på at sjukehus kan bli tema i valkampen.

Foto: Emilie Gjengedal Vatnøy / NRK

På nytt er det full fyr i sjukehusdebatten i Nordmøre og Romsdal. Tysdag kom Senterpartiets helsepolitiske talskvinne Kjersti Toppe med eit utspel om at partiet ikkje støttar opp om fellessjukehuset på Hjelset. Grunnen skal vere nye opplysningar om sengetal og beleggsprosent.

– Det er mitt syn at det er behov for nytt sjukehus i Molde. Men føresetnadene for det nye sjukehuset på Hjelset er brotne. No blir det planlagt som eit «clustersjukehus» med så få senger og så høg beleggsprosent at det bryt med alle kjende internasjonale og nasjonale krav til forsvarlegheit, sa Kjersti Toppe til NRK tysdag.

Forundra over uvissa

Det nye akuttsjukehuset er under planlegging og skal etter planen stå ferdig i 2021/2022. I tillegg skal det bli eit distriktsmedisinsk senter i Kristiansund.

Sjukehusdirektør Espen Remme vil ikkje gå inn i den politiske debatten, men han likar ikkje at det har blitt sådd tvil om at det planlagde sjukehuset er fullverdig.

– Vi er litt forundra over denne uvissa som no blir spelt opp, seier Remme. Han seier at prosjektorganisasjonen og fagfolka er dedikerte til å utvikle eit best mogleg tilbod for fellessjukehuset.

Er de budde på at sjukehuset kan bli ei valkampsak?

– Vi veit at helse blir diskutert både i politikken og valkampen, så det er vi budde på. Det viktige for oss er at vi opptrer i tråd med dei bestillingane og rammene vi har fått for å utvikle eit best mogleg sjukehus, seier Remme.

Else-May Botten

Else-May Botten (Ap) meiner at helseføretaket ikkje er tydeleg nok på kva det nye fellessjukehuset skal innehalde.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Ikkje omkamp

Fylkesstyret i Sp vil likevel ikkje gå inn for omkamp. Dei hadde ekstraordinært møte og er klar på at dei går inn for å bygge nytt sjukehus på Hjelset. Kravet er at innbyggjarane på Nordmøre og i Romsdal får eit fullverdig sjukehustilbod. Dei vil sikre at det blir planlagt nok sengeplassar.

Stortingspolitikar Else-May Botten (Ap) seier at det er politisk semje om å bygge fellessjukehuset, men at utfordringa er at helseføretaket ikkje er tydelege nok på sjukehuset skal innehalde.

– Eit døme kan vere kva slags dimensjon barneavdelinga skal ha og talet på sengeplassar. Kanskje blir dette redusert utan at det er politisk semje om det, seier Botten.