Hopp til innhold

Rektor er bekymra for skulking under lærarstreiken

Elevar dukkar ikkje opp til timar på den streikeramma skulen i Molde. – I verste fall får dei ikkje karakterar, åtvarar rektor Ivar Rød.

Romsdal videregående skole

80 lærarar er i streik ved Romsdal vidaregåande skole. Den siste veka har fleire elevar latt vere å møte opp til timane.

Foto: Ann Eli Nøsen / NRK

Det er langt stillare enn normalt ved Romsdal vidaregåande skole i Molde. 80 av lærarane er ute i streik og mange av undervisningstimane går ut.

Dei siste dagane har rektor Ivar Rød sett ei urovekkjande utvikling. Fleire av elevane har droppa å møte opp til dei timane som blir gjennomførte.

– Det kan vere elevar som har lang reiseveg og tenker at å stille på skulen for to timar kroppsøving er lett å prioritere bort, seier Rød.

Han har no sendt ut ei åtvaring til både elevar og foreldre om kor alvorlege konsekvensane kan bli av å ikkje møte opp og ser allereie at det hjelp.

Karakterane i fare

Dersom fråværet i eit fag overstig 10 % risikerer eleven å ikkje få karakter i faget. Fråværet gjeld ikkje for undervisninga elevane mister på grunn av streiken, men altså for timar som blir gjennomførte.

Ivar Rød er rektor ved Romsdal videregående skole

Ivar Rød er rektor ved Romsdal vidaregåande skole i Molde. Han har sendt ut åtvaring til elevar og foreldre om konsekvensane av fråvær under streiken.

Foto: Roar Strøm / NRK

Kroppsøving er eit typisk fag der det skal lite til før karakteren står i fare, fordi det er berre to timar i veka.

– Dersom eleven er borte ein gong har eleven allereie passert grensa for å få varsel om at det er fare for å ikkje få karakter, seier rektoren.

Torsdag blei det klart at lærarstreiken blir trappa opp. Frå neste veke kan om lag 3500 lærarar vere i streik fordi Utdanningsforbundet, Skolenes landsforbund og Norsk Lektorlag ikkje aksepterer resultatet etter lønnsoppgjeret i kommunane i vår.

Les også Nå trappes streiken opp – Alva møtte likevel opp på skolen

Alva Norheim

Slitsamt å møte opp

3.-klassingane Mathea Skarshaug og Carina Kammen, som går påbygg, har minimalt med undervisning under streiken. Sjølv har dei møtt opp til timane, men forstår godt dei som ikkje gjer det.

– Det er mange dagar vi berre har to skuletimar. Det er slitsamt fordi mange i klassen har lang reiseveg, seier Skarshaug. Sjølv pendlar ho både med buss og ferje frå Gossen for å kome seg til skulen.

Carina Kammen og Mathea Skarshaug ved Romsdal videregående skole

Carina Kammer og Mathea Skarshaug forstår godt at det er freistande å ikkje møte opp på skulen når det berre er for eit par timar midt på dag.

Foto: Privat

Når oppmøtet til timen ikkje er før langt på dag, klaffar det dårleg med buss.

Dersom streiken blir langvarig trur Mathea at det kan bli freistande for henne å droppe skuletimar. Carina Kammen frå Batnfjordsøra pendlar også med buss.

– Mykje av dagen går med på reising, så vi får utnytta dagen dårlegare, seier Kammen.

Men venninnene har full kontroll over fråværet, og fryktar ikkje at det skal vere fare for å at dei blir ståande utan karakterar.

Kammen er derimot bekymra for at manglande undervisning under streiken skal føre til at dei blir hengande etter i pensum og dermed ikkje får så gode karakterar dei kunne hatt på vitnemålet.

– Vi må lese på eiga hand for å prøve og halde litt følge, seier Kammen.

Les også Elevene håpa på et normalt skoleår: – Korte dager og lite sosialt

Åse Vik Larsen og Peder Grønnesby Bragstad har begge hatt sine første dager på Steinkjer videregående skole denne uka. De tror lærerstreiken kan gå utover både det sosiale og det faglige.