Rektor gjekk lei sløve elevar – sende dei til fjells

Ungdomsskulerektoren merka at motivasjonen til elevane dalte dei siste vekene før sommarferien. Då fekk han ein lys idé, og sende ungdomane ut i naturen.

Blindheim ungdomsskole

Elevane får blant anna lære å fiske, lage mat ute, padle kajakk og snikre bruer i staden for å ha klasseromsfag.

Foto: Remi Sagen / NRK

Isa Klokk går i 8.-klasse på Blindheim ungdomsskule. Ho skulle eigentleg ha hatt spansk, men har bytt ut glosebøkene med drillen på ein av årets aller siste skuledagar.

– Eg synest det er gøy. Vi får vere meir saman med kvarandre, og vi lærer noko nytt, seier Isa Klokk.

Isa Klokk

LÆRER NOKO NYTT; Isa Klokk er glad for tiltaka rektor har gjort.

Foto: Remi Sagen / NRK

Dei bygg bruer til våte stiar, neste veke skal dei måle Ivar Aasen hytta, skriv Sunnmørsposten.

9 aktivitetar på 9 dagar

Rektor var lei av at elevane dreiv rundt utan den store motivasjonen i juni, og klekte ut ideen som resulterte i prosjektet 999. Ni aktivitetar for ni ulike grupper i ni dagar.

– Det kan bli mykje småsteinsparking mot slutten når folk gler seg til sommarferie. Vi bestemte oss for å gjere noko annleis i år, og sjå om det kan gje meir tilbake til elevane og samfunnet, seier rektor på Blindheim ungdomsskole, Harald Eidsaa.

Elevane på 8. og 9. trinnet får lære å fiske, lage mat i friluft, padle kajakk, rydde plast i fjøra, byvandring, orientering og bygging av bruer på Emblemsfjellet.

Harald Eidsaa

LITE MOTIVASJON: Rektor merka at motivasjonen dala dei siste skuledagane før sommarferien. Han bestemte seg for å prøve noko nytt.

Foto: Remi Sagen / NRK

Frå hausten av blir den nye læreplanen for skulen fastsett, og blir gradvis sett i verk frå hausten 2020. Faga skal blant anna bli meir utforskande og praktiske.

– Vi har tjuvstarta litt på den nye læreplanen. Eit av dei overordna måla der er livsmeistring og folkehelse, og eg kjenner at dette prosjektet sklir rett inn i dette, seier rektor.

Får hjelp med tursti

Spjelkavik Rotary-klubb fekk hjelp med dei nedslitne turstiane på fjellet, og seier dei er imponerte over ungdomane.

– Det er veldig kjekt at ungdom stiller og hjelper til. Denne jobben hadde teke mykje lenger tid, hadde det ikkje vore for ungdomane på Blindheim Ungdomsskule, seier Tor Nytun.

Poenget med oppdraget er å gje elevane nye evnar, samt å gjere noko for andre.

– Vi har fått fantastisk respons. Det å stå her og jobbe mens turgåarar kjem forbi og alle er positive, det finst ikkje noko meir fantastisk enn det, seier rektor

Synest andre bør kome seg ut

– Eg synest at andre skular også bør vere litt ute, for det er gøy å variere litt og ikkje berre ha fag, seier elev Casper Digernes

Ungdomane

TRIVST UTE: Ungdomane i 8D på Blindheim ungdomsskole.

Foto: Remi / NRK

13-åringane synest også elevar i resten av landet bør få skifte ut timeplanen i juni.

– Andre bør også gjere dette, for det er veldig gøy. Ein blir aktiv, også kan ein oppleve nye ting, seier elev Rose Moltu Sperre.

– Det er jo veldig kreativt då. Vi får jo lært masse nytt. Eg synest det er kjempebra, seier Isa Klokk.

SJÅ HER: her kan du sjå elevane i aksjon.