Det er store bedrifter som Statoil og Norske Shell som saman med det lokale næringslivet og fylket har sett i gang den nye ordninga.
Trainees - ein ny rekrutteringsmåte
No søkjer dei etter aspirantar - eller "trainees", som dei gjerne blir kalla - på fagfelt som psykologi, arkitektur, økonomi, logistikk og marknadsføring. Målet er å tak i sju personar kvart år framover. Kvar av dei skal arbeide i tre ulike bedrifter gjennom ein periode på åtte månader.
Programleiar Elin Kanck Lorentzen i KOM Trainee seier at 60 % av alle studentar ønskjer å starte yrkeskarrieren sin som trainee. På denne måten kan dei få tak i flinke folk som elles ikkje hadde tenkt seg å arbeide i Kristiansund. Ho reknar med at dei første aspirantane skal vere på plass i august.