Hopp til innhold

Rekordutbetaling for mjølkebøndene

Mjølkebøndene i Møre og Romsdal får etterbetalt i alt 62 millionar kroner i år. Årsaka er rekordoverskot hos Tine på heile 1363 millionar kroner.

Aldri før har Tine hatt større overskot - 1363 millionar kroner.
For mjølkebøndene som eig Tine er dette svært så gode nyheter.
Kenneth Høyning på Osmarka i Gjemnes sit i Tine Midt-Noreg sitt regionstyre på vegna av mjølkebøndene.Han får etterbetalt 154.000 kroner.

– Vi er sjølvsagt veldig godt fornøgd med det resultatet Tine har greidd å skape for oss. Det utgjer ein stor del av økonomien vår, at vi greier å drifte industrien vår slik at vi får pengar igjen, seier Kenneth Høyning.

Mjølkebonden på Osmarka i Gjemnes sit sjølv i regionstyret til Tine Midt-Noreg, der han representerer mjølkebøndene. Med 130 mjølkekyr på båasen, får han etterbetalt 154.000 kroner frå Tine. Høyning seier utbetalinga skuldast effektiv jobbing både av bøndene og av Tine.

– Vi bønder effektiviserer heile tida og det samme gjer vi i industrien. Og det er det som skaper dette resultatet.

Fornøgd, trass utfordringar

I alt får dei rundt 850 mjølkebøndene i Møre og Romsdal til saman 62 millionar etterbetalt - i snitt meir enn 70.000 kroner til kvar bonde.

Men trass store overskot, seier Høyning bøndene har store utfordringar, ikkje minst knytt til å få nordmenn til å drikke norsk mjølk.

– Når det gjeld sal av norsk melk har vi ei utfordring, fordi konsumet av drikkemjølk går ned. Mjølkemarknaden innanlands er aukande totalt sett, men det er importen som tar auken.

Han seier dei er godt fornøgd med at dei har klart å skape eit så godt resultat i denne marknaden.