Hopp til innhold

Fineveret gir rekordtidleg slått mange plassar

Bøndene jublar over fineveret. Fleire stader er det rekordtidleg slått.

Kjersti Fløystad Ellingsgård

Det er Kjersti Fløystad Ellingsgårds første år som bonde. Ho er nøgd med pangstarten på slåtten.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Slått

Fleire stader er det rekordtidleg slått i år.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Traktorane går ustanseleg på markane på Bolsøya i Molde. Ei av dei som smiler frå øyre til øyre er Kjersti Fløystad Ellingsgård. Ho er godt i gang med slåtten. Bøndene her plar alltid vere tidleg ute, men i år er det uvanleg tidleg.

– Dritheldig er vi, seier Fløystad Ellingsgård og ler, medan ho tar ei pause frå traktorkøyringa i ein gamal Massey Ferguson.

Deprimerte i fjor

Sjølv om mykje lyng er brunsvidd på grunn av den tørre vinteren, er graset grønt og frodig rundt henne på alle kantar. Sommarvêret gjer at det ikkje er noko problem å få graset tørt, slik det ofte kan vere. I fjor var bøndene deprimerte fordi førsteslåtten var elendig og fleire stod i fare for å måtte kjøpe inn fôr frå andre. I år er tonen heilt annleis.

– Det er ekstra stas å få ein slik start, i staden for å oppleve å ligge på etterskot og måtte kjøpe rundballar og føle at ein ikkje får det til, seier den unge bonden. Det er første året at 28-åringen driv garden.

Anders Øverbø

Anders Øverbø på Holmenstranda i Rauma prisar fineveret.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Deler på arbeidet

Ho køyrer slått saman med ein kollega. Arbeidsfordelinga er at Kjersti vender høyet, sambuaren Amund pakkar og kollega Ole Lillebostad presser. Dei første rundballane ligg allereie klare.

– På slike dagar som dette, kan ein ikkje klage over å vere bonde. Det er heilt fantastisk, seier Fløystad Ellingsgård.

Ho gler seg til å vere bonde framover, men det er med skrekkblanda fryd, med tanke på kva framtida bringar i dette yrket.

Lange dagar

På Holmenstranda i Rauma kommune er også bonde Anders Øverbø godt i gang med slåtten. I fineveret er det ikkje vanskeleg å slå graset i det bratte terrenget.

– For oss er dette ikkje rekord, men det er av dei tidlegaste slåttane vi har hatt, seier Øverbø. I år kjem mange til å bli ferdige med slåtten før pinse.

Øverbø kjem i alle fall til å halde på fram til klokka 23 i kveld og kanskje eit par timar til dersom det er naudsynt.

– Denne slåtten er utruleg lettvint samanlikna med dei førre somrane med dårleg ver, seier Øverbø.